Her finn du informasjon om korleis du går fram om du ønsker å leige torgplass i Odda, Kinsarvik og på Lofthus. Du finn også våre vilkår for utleige av plass.
Sist endra 22.09.2026 13:54
Slik gjer du avtale
Du søker digitalt til kommunen om å få leige torgplass.
Søk her om å få leige torgplass
Prisar
- Torgplass: kr. 385 per dag / Straum kr. 75,- per dag
- Torgplass - sesongleige: kr. 199,- per dag / Straum kr. 65 per dag
- Torgplass - årsleige: kr. 14 045,- / Straum kr. 65 per dag for 12 mnd à 2-3 dagar per veke
Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr
Betaling
Torgleiga kan betalast med kort eller kontant på innbyggjartorget på rådhuset i Odda. Du kan også gjera avtala om å få tilsendt faktura.
Generelle vilkår for torgleige i kommunen
- Politiforskrift og offentlege reglar
- Leigetakar pliktar å setje seg inn i og følgje Politiforskrifta for Ullensvang kommune.
- Leigetakar er sjølv ansvarleg for å innhente eventuelle andre naudsynte løyve (t.d. serveringsløyve eller godkjenning frå Mattilsynet).
- Bruk av plassen og tilvising
- Plassen skal berre brukast til det formålet som er oppgitt.
- Opprigging skal berre skje på det spesifikke arealet som er tilvist av Veg og park. Det er ikkje tillate å utvide salsområdet utover dette.
- Framleige til andre er ikkje tillate.
- Reinhald, eiga renovasjonsløysing og avfall (jf. Politiforskrifta § 5-2)
- I tråd med politiforskrifta § 5-2 skal den som driv med sal frå kiosk, uteservering, gatesal o.l. sørgje for at området ikkje blir skjemt eller skitna til av verksemda.
- Leigetakar pliktar å ha si heilt eiga renovasjonsløysing og setje opp tilstrekkeleg tal med eigne korger for avfall. Dette kravet er absolutt og gjeld uansett leigeperiode, også ved timeutleige.
- Det er ikkje tillate å nytte kommunen sine offentlege bosspann til næringsavfall eller avfall frå verksemda sine kundar.
- Opprydding: Rett etter stengjetid/leigetid pliktar verksemda å rydde området og fjerne alt avfall som skuldast aktivitetar frå verksemda (jf. § 5-2).
- Ved mangelfull opprydding kan kommunen krevje eit eige oppryddingsgebyr.
- Straum og vatn
- Tilkobling til straum og vatn må avtalast særskilt. Utstyret som nyttast (t.d. kablar) skal vere godkjent for utandørs bruk og ikkje vere til hinder for ferdsel.
- Brannsikring og tryggleik
- Leigetakar er sjølv ansvarleg for brannsikring i eigen salsbod, vogn eller telt.
- Ved bruk av gass (t.d. propan), open eld, frityr eller varmekjelder, skal det vere eigna og godkjent brannsløkkingsutstyr (t.d. pulverapparat og/eller brannteppe) lett tilgjengeleg på plassen.
- Alt gassutstyr skal vere godkjent, og slangar må vere utan feil eller manglar.
- Salsbodar og utstyr må plasserast slik at dei ikkje sperrar for rømmingsvegar eller køyrevegar for brannvesen og utrykkingskøyretøy.
- Trafikk og parkering
- Påkøyring for av- og pålessing er tillate, men køyretøy skal deretter flyttast og parkerast på ordinære parkeringsplassar, med mindre køyretøyet er godkjent som ein integrert del av salsboden.
- Misleghald og bortvising
- Dersom vilkåra vert brotne, inkludert manglande overhald av brannsikring, politiforskrift eller krav til eiga renovasjonsløysing, har representantar frå kommunen eller politiet rett til å vise leigetakar bort frå plassen med umiddelbar verknad.
Spesielt for torgplass i Odda
- Inn- og utkøyring skal skje frå vest på nordsida av Torget 2/4. Området er skilta med innkøyring forbode, unntak er torghandlar med avtale.
- Akseltrykk er sett til 6 tonn
- Plassering av torgbilane skal i mest mogeleg grad stå i aust/vest retning. Benkane skal ikkje brukast til oppstilling av varer, og torgbilane må plasserast så langt frå benkane at dei kan nyttast av publikum.
- Det er tilgang til straum i kvar ende av langsgående rabatt med hekk, og vatn i høgre ende ved vassrenna. Det trengst nøkkel til straumskap, avtal ved tinging av plass.
Viktige lenkjer