All graving i kommunal veg skal fylgja:
Retningsliner for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg (PDF, 2 MB)
Graveløyve
Retningsliner er utarbeida av kommunane Etne, Karmøy, Kvinnherad, Odda, Stord og Ullensvang (herad). Desse er gjeldande fram til Ullensvang kommune har utarbeida nye.
For å søkja om graveløyve nyttar ein skjema: Søk om løyve til framføring av kablar, leidningar og graving i offentleg veg. I søknad må det leggjast ved eit kartutsnitt som viser grøft i målestokk 1:1000 og ei skisse over grøfta som visert djupne, plassering og tal på kablar, og om fylling. Dersom det er fleire typar grøfter, så lagar ein eit snitt for kvar grøft.
Når arbeidet er utført skal entreprenøren fylla ut skjema Arbeid på veg: Entreprenøren sin eigenkontroll og ferdigmelding og senda dette inn.
Søk om løyve til framføring av kablar, leidningar og graving i offentleg veg
Arbeidsvarsling
Før eit gravearbeid på eller langs kommunal veg kan setjast i gang, må ein ha godkjent graveløyve og arbeidsvarslingsplan. Utførande entreprenør skal fylla ut og senda inn arbeidsvarslingsplanen til godkjenning hos kommunen. Last ned ein kopi av mal, fyll ut og send til kommunen ved postmottaket.
Når arbeidet er ferdig skal entreprenøren senda inn loggbok for utsetting/inntaking av sikrings- og varslingsutstyr.
Mal: Arbeidsvarslingsplan