Vårt ansvarsområde
Verksemda vatn og avløp i kommunen har ansvar for:
- Reinsing og distribusjon av reint drikkevatn, sanitærvatn og brannvatn.
- Mottak av slam frå bustadar, fritidsbustadar og næring.
- Innhente slam frå på mindre private avløpsreinseanlegg.
Våre tilsette gjer mykje førebyggande arbeid for å hindre store konsekvenser ved større vassleidningsbrot, kontroll av private stikkleidningar og vedlikehald av avløpsreinseanlegga våre.
Drift og vedlikehald vert ivaretatt av kommunens sine eigne tilsette, samt innleide entreprenører gjennom driftsavtalar.
Kva kan du forvente av oss?
- Reint drikkevatn
- At du mottek meldingar som påverkar drikkevatnet, f.eks. kokevarsel, varsel om kloring, vatnet er vekke, og forventa tidsrom. (Men du står sjølv ansvarleg for at du er registrert med rett informasjon for SMS-varsel)
- Svar på henvendelsar som berører din bustad, fritidsbustad eller næringslokale
- Avløpsvatnet vert riktig handtert
- At overvatn ikkje skal laga unødvendige problem
- Utbetring av akutte feil på kommunal infrastruktur
- At tilsette i verksemda møter deg som aktør og publikum med god service, dialog og utøver forvaltningsmynde med fagleg kvalitet
Kva forventer vi av deg som brukar av tenesta?
- At private stikkleidningar vert kontrollert og utbetra ved lekkasjar.
- At du gir oss mogelegheit til å utbetre feil på anlegg og det kommunale nettet, sjølv om dette kan påverke vassforsyninga di.
- At du ved vanskelege forhold viser forståing for at arbeidet tek lengre tid.
- At du les meldingar som vert sendt ut frå kommunen.
Tidsfristar
Vi vil gje eit førebels svar innan 14 virkedagar for søknader som kjem via kommunen sitt postmottak og vert ført i saksbehandlingssystemet.
Vi har som mål å behandle søknader og høyringar innan 3 veker. Opplysning om klageadgang skal følge vedtak.
Utbetring av akutte feil på kommunale anlegg innan 24 timer.