Varsling på SMS-, telefon og e-post

Kommunen har høve til å varsle via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon. Varslingssystemet vert brukt av kommunen for å nå innbyggjarane digitalt med meldingar når dette er føremålstenleg.

Korleis finn vi deg?

Privatpersonar

Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi tilrår deg å legga inn mobiltelefonnummeret ditt og e-postadressa di i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste førespurnader frå det offentlege vil henta kontaktinformasjonen herfrå, til dømes om sjølvmeldinga.

Oppdatering av kontaktinformasjon kan du gjere her på norge.no

  • Logg på med bank ID
  • Sjekk informasjon som ligg inne på deg her. Legg til eller slett informasjon som ligg der.
  • Du kan også ringe på 800 30 300

Verksemder

Ved varsling av verksemder blir verksemda som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Enhetsregisteret. Bedrifter med fleire adresser bør registrera desse som undereining hos Brønnøysundregisteret, sjå brreg.no

Tilleggsregister

Tilleggsregister kan du nytta dersom du ønsker å få varslar for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på; sjå varslemeg.no

Har du ikkje fått SMS-varsel?

Privatperson

Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein anna stad enn der du er folkeregistrert kan du registrera telefonnummeret ditt på adressa di i vårt tillegsregister. Husk å endra viss du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir berre nytta av kommunen.

Registrer telefonnummeret ditt i tilleggsregisteret til kommunen på varslemeg.no > Vel tillegsoppføring > Legg til telefonnummeret ditt (vel Privat)

Sårbare verksemder

Vårt tilleggsregister knyt kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer. Kontaktpersonen vil få varsel på SMS dersom SMS blir send frå kommunen.

Registrer verksemda di i kommunen sitt tilleggsregister på varslemeg.no > Vel tilleggsoppføring > Legg til telefonnummeret ditt (vel Bedrift)

 Varslemeg.no

Ofte spurte spørsmål