Informasjon om vassmålar

Eigar av bustadeigedom kan velja om han vil betala forbruksgebyr for vatn og avløp etter målt vassforbruk med vassmålar eller stipulert forbruk i høve til bruksareal. Næringseigedomar og offentlege verksemder skal ha installert vassmålar jf. Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ullensvang kommune § 5. 

Kvart år vert det gjort ei avrekning av innbetalt gebyr i forhold til forbruk (avlest vassmålarstand).

Når skal du lesa av

Desember kvart år skal vassmålaren lesast av. Du skal rapportera inn målarstanden når du får SMS eller avlesingskort. 

Dersom du ikkje er heime, hugs å notera vassmålarstand før du reiser og svar når du får SMS-varsel eller rapporter inn målarstanden til oss før du reiser.

For denne vassmålaren er korrekt rapportert målarstand 623.

Korleis lese av?

  • ikkje ta med raude tal
  • ikkje ta med tal bak komma

Ved feil lest av målarstand via SMS eller internett kan du foreta ny avlesing. Den siste rapporterte vassmålarstanden vert gjeldande.

Du kan ikkje få utsett svarfrist for vassmålaravlesing. Kommunen vil stipulere forbruket ut i frå tidlegare forbruk og generere gebyr på bakgrunn av dette. Kommunen kan krevje kontroll av vassmålaren.

Korleis rapportera

Når du får tilsendt SMS svarar du på denne. 

Dei som ikkje får SMS, vil få tilsendt avlesingskort og har følgjande val:

  • registrere vassmålarstanden på leseav.no
  • returnere svarslipp til kommunen

Er du registrert som mottakar av varsel for fleire vassmålarar, vil du få SMS varsel per vassmålar.

Ullensvang kommune

Ved eigarskifte

Kommunen føretek ikkje oppgjer av vassmålar eller resterande kommunale eigedomsgebyr. Eigarskifte som skjer midt i ein termin er ei sak mellom kjøpar og seljar. Vi registrerer ny eigar når tinglysinga kjem opp i vårt system. Det er registrert eigar som til ei kvar tid er ansvarleg for gebyra som ligg på eigedomen.

Fritak for vass- og avløpsgebyr

Etter skriftleg søknad kan kommunen gje fritak for gebyr når gebyrpliktig bygning fysisk vert kopla frå vassnettet. Vassmålarstand skal rapporterast ved søknad, og skal lesast av kvart år sjølv om eigedomen har fritak.

Søk om fritak for slam-, feie-, vass- og avløpsgebyr