Kva med øydelagde tekstilar?
Frå 1.1.25 er det ikkje lenger lov å kasta tekstil i restavfallet.
Målet til styresmaktene med dette er å få øydelagde tekstil til materialgjenvinning i staden for til forbrenning. Altså ønsker styresmaktene at det skal lagast nye materiale av dei. Derfor kan du no levera dei øydelagde tekstila dine i ei eiga innsamlingsordning til alle miljøstasjonane våre.
Kva skjer med dei øydelagde tekstila du leverer inn?
Tekstilane vert sorterte manuelt når dei kjem inn. Det som er brukbart, blir sortert ut og levert til Fretex.
Tekstil med mindre feil og manglar blir sorterte ut, og kan bli levert til diverse samarbeidsprosjekt med skular, barnehagar e.l. Der kan tekstilane reparerast, eller klippast opp og bli sydde om til nye produkt.
Tekstil som ikkje går til ombruk for sal eller redesign, skal etter planen sendast til gjenvinnig. Dessverre er det få anlegg som per i dag tek i mot øydelagde tekstilar. Mange tekstil er samansette av fleire ulike materiale, og er då spesielt vanskelege å gjenvinne. Renovasjonstenesta mellomlagrar tekstilene til vi har funnet løysing for mottak. Fuktige og sopp-utsette tekstil må sendast til forbrenning som før.