PlastinnsamlingRenovasjonstenesta har plastinnsamling i Tyssedal, på Freim og Ragde for kvar husstand.Levering av plastavfallHusstander i Tyssedal, på Freim og Ragde samlar plast i blanke sekkar og set dei ut på næraste samleplass torsdagar i partalsveker. Plasser ut plastavfallet ditt før kl. 07:00 dei dagane det er henting. Viktig!Hugs å knyt sekken med plast, og plasser den på ein slik måte at den ikkje blir tatt av vinden.Dei grøne bioposane ikkje skal kastast som plast!Ny rull til plastemballasjeNår du går tom for plastsekkar kan du henta deg nye på: Lindenes miljøstasjonInnbyggjartorget på rådhusetDersom du er der når ein av renovasjonsbilane kjem forbi, kan du òg spørje om å få ein ny rull.Slik sorterer du plastemballasje Slik gjer du detHugs at emballasjen må vere rein og tom. Skyl den i kaldt vatn, bruk gjerne sleikepott eller oppvaskbørste for å gjere den rein.Vert plastemballasjen ikkje rein i kaldt vatn, kastar du det i restavfallet.NB! Ikkje bruk bioposar – dei skal berre brukast til matavfall!Ja takkPlastposarPlastbeger, -boksar og -brett frå matvarer, t.d. skinkepålegg, kylling, kjøttdeig o.lPlastflasker og -kanner for sjampo, dressing, vaskemiddel o.l.Blomsterpotter og -brett i plastPlastemballasje for elektriske og elektroniske produkt.Nei takkPlast som ikkje er emballasjeTilgrisa plastemballasjePlastemballasje med papir eller aluminiumsbeleggPlastemballasje som har innehalde farleg avfall, skal leverast på gjenvinningsstasjonenStore gjenstandarStroppeband og vedsekkarIsopor