Kom i gang
MinRenovasjon er ein gratis app:
MinRenovasjon på 1-2-3
- Last ned appen frå Google Play eller App Store. Om du allereie har appen må han oppdaterast til siste versjon.
- Søk opp *NAMN PÅ KOMMUNE** kommune, og legg til adressa eller gardsnummeret ditt/bruksnummer.
- Skru på varslar om du ynskjer det.
Tømmekalender med varsel
Tømmkalenderen viser datoar for kommande avfallstømming – kva avfall som blir henta når. Det er og mogleg å aktivera varsling på eit ønskt tidspunkt i forkant, slik at appen seier ifrå når det er på tide å setja fram dunken. For at varsling skal fungera for deg, er det viktig at du har den nyaste versjonen av MinRenovasjon.
Har du ein slektning som treng ekstra oppfølging rundt avfallstømminga, eller passar du huset til ein venn som er bortreist? Då kan du enkelt legga inn fleire adresser ved behov.
Viktig informasjon om varslar og tilgangar
Får du ikkje varsel? Sjekk om varsling frå appen ikkje kjem grunna innstillingar på mobiltelefonen din. Gå til innstillingar for å gjera naudsynte endringar.
Du må godta at appen kan ta imot varslar, for å få dei varslingane du har behov for. Mobiltelefonen må og vera tilkopla WiFi eller mobildata på det varslingstidspunktet du vel. Alle varsel som er sende, eller forsøkt sendt, har du full oversyn over i appen under «varslingshistorikk».