"Hente ut" gjenstandar frå miljøstasjonaneMiljøstasjonane våre får jamleg førespurnader frå personar som ønskjer å hente ut gjenstandar dei treng frå avfall som er levert til oss. Vi synest det er flott at folk ønskjer å kjøpa mindre ved å nytta brukte, i staden for nytt. Ombruk bidreg til avfallsreduksjon, og er bra for miljøet. For å leggja til rette for dette har vi no fått eit ombruksrom på Lindenes, der kundar kan levera frå seg ting som er eigna for ombruk, som så blir igjen selt ut til svært låge prisar.Dessverre leverer vi ikkje ut gjenstandar som er leverte i konteinarane våre eller plasserte på våre avfallsområde, og det er det gode grunnar til. Avfallet kan vera forureina, ha skjulte feil eller manglar, eller ha sentimental verdi for den som har valt å kasta det. Renovasjonstenesta er pålagd å ha kontroll på levert avfall, samtidig som vi skal sørgja for tryggleiken til besøkjande og tilsette.Tips deg som ønskjer å levera til ombruk eller få tak i brukte gjenstandar: Legg ut ein annonse på Finn.no eller tilsvarande digitale plattformerBesøk bruktbutikkar. Det finst mange gode i og utanfor Hardanger.Gi beskjed til dei tilsette om du ønskjer å levera brukbare ting til ombruksrommet når du er på miljøstasjonen på LindenesTa ein kikk i ombrukrommet på Lindenes og sjå om nokon har sett inn det du trengOmbruksrommet på Lindenes er ope når miljøstasjonen er open