Reglar for handtering av avfall
Alle innbyggjarar må ha ein avtale om kommunal tømming av avfall. Du må kasta avfallet ditt i avfallsbehaldarane, og dei må vera store nok til at du alltid får att lokket.
- Viss det ikkje er sett opp felles bosdunkar der du ferdast i naturen, må du ta med deg avfallet heim.
- Du må sjølv køyra grovavfall, som kasserte møblar, bygningsavfall og kvitevarer, til miljøstasjonen.
- Du kan ikkje lagra avfall, som til dømes bilvrak, på eigedommen din slik at det er stygt å sjå på eller skadeleg for miljøet.
- Viss nokon dumpar avfall ulovleg og nektar å rydda opp, kan kommunen gje dei eit formelt pålegg og bøter (tvangsmulkt).
Sjå oversikt over alle miljøstasjonane våre
Reglane om forsøpling finn du mellom anna i politivedtektene til kommunen.
Akutt forureining
Akutt forureining skal meldast til brannvesenet på telefon 110.
Bålbrenning
Frå 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å brenna bål i skog og mark. Kommunen kan gje deg løyve til å brenna bål viss dei lokale forholda tilseier at det er trygt.
Viss du skal brenna bål, kan du melda frå om dette til brannvesenet.
Forlatne båtar
Å forlata båtar som ikkje vert haldne ved like, er forsøpling. Over tid kan båten byrja å forureina sjøen, og han kan vera til sjenanse for andre som brukar området. Kommunen kan difor påleggja eigaren å rydda opp.
Viss du leverer inn ein gammal fritidsbåt til eit lovleg avfallsmottak for båtvrak, kan du få utbetalt 1 000 kroner i vrakpant.
Les meir om vrakpant på båt hos Miljødirektoratet
Viss leigetakarar eller andre dumpar avfall på eigedommen din, må du be dei om å rydda opp. Viss kommunen ikkje finn ut kven som har kasta avfallet, er det du som grunneigar som sit att med ansvaret og må fjerna det. Det kan difor vera lurt å vurdera tiltak for å hindra at folk dumpar avfall hos deg, til dømes ved å setja opp skilt, bommar, belysning eller rydda skog og kratt.
Viss du driv ein daglegvarehandel, bensinstasjon, kiosk,leirplass eller arrangerer ein festival eller eit stemne, pliktar du å setja opp avfallsbehaldarar i nærleiken. Du har òg ansvaret for at dunkane vert tømde, og for å rydda heile området etterpå. Kommunen fører tilsyn med at dette vert gjort.
Handtering av avfall ved arrangement