Søk om endring av abonnement eller fritak for renovasjonsgebyr

Vil du endra eksisterande abonnement eller søkja om fritak frå renovasjonsgebyr kan du gjera dette via vårt digitale skjema.

Endring av abonnement

Vil du å endra eksisterande abonnement frå f.eks. Renovasjon lite hus til Renovasjon stort hus kan du gjera dette sjølv via vårt digitale skjema. 

Plikt til å melde endring

Eigaren har plikt til å melde frå om endringar som påverkar gebyret. Om eigaren ikkje gjer det, kan kommunen etterfakturere gebyr for inntil tre år tilbake.

Eigar har plikt til å melde frå om tilhøve som medfører endringar i gebyret. Dersom det viser seg at eigar ikkje har meldt frå om gebyrpliktige abonnementseiningar eller endring i gebyrplikta som medfører endring i gebyret, kan kommunen ileggja gebyr for inntil tre år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

Søk om endring av abonnement eller fritak for renovasjonsgebyr

Reduksjon av gebyr

Heilårsbustad som blir nytta som sekundærbustad/fritidsbustad

Alle eigarar av heilårsbustad, uansett bruk, betaler i utgangspunktet gebyr som for ordinær privat bustad.

Det er høve til å søkje om reduksjon opp til 50% av gebyret, dersom bustaden vert nytta som sekundærbustad/fritidsbustad.

Lang avstand til henteplass (gjeld abonnentar med eigne behaldarar)

Dersom du har lang veg til henteplass kan du søkje om å få redusert gebyr. Reduksjonen er på 50% av ordinært gebyr. Dette gjeld alle som har meir enn 500 meter til henteplass. Avstand til henteplass må dokumenterast.

Slik reduksjon i gebyr gjeld ikkje hytter, stølar, fritidsbustader osv.

Fritak frå gebyr

Eigar av bustadhus som vert ståande tomt i minimum 3 månader kan søkja om fritak. Fritak kan gjevast for inntil 1 år. Fritak gjeld frå termin etter at søknad er motteke. For å få samanhengande fritak må ny søknad sendast kommunen 1,5 månad innan tidlegare fritak går ut.

Eigar er pliktig til å melde frå skriftleg til kommunen dersom grunn for fritak opphøyrer. Foreldelsesfristen er 3 år jf. foreldelseslova §2. Innvilga søknad om fritak har ikkje tilbakeverkande kraft.

Søk om endring av abonnement eller fritak for renovasjonsgebyr