Søknad om utslippsløyve for vatn og avløp (mindre enn 50 pe)

Alle som har innlagt vatn i bustad eller fritidsbustad skal ha godkjent avløpsløysing. Her gjer vi rede for kva du kan forvente av oss, og kva vi forventar av deg, når du søker om løyve til utslepp av sanitært avløpsvatn.

Kven skal søka?

Dette gjeld handsaming av søknader om utslepp av kommunalt avløpsvatn frå bustader, hytter og næringsbygg der det ikkje er mogleg å kople seg til det kommunale avløpsnettet. 

Søknad gjeld for installasjon- eller vesentleg endring av mindre avløpsanlegg (inntil 50 personekvivalentar).

Før etablering av nytt avløpsanlegg, skal det liggje føre:

  • Godkjent søknad om utsleppsløyve etter forureiningsforskrifta.
  • Godkjent byggesøknad etter plan og bygningslova.

Kven kan søka?

Alle grunneigarar (heimelshavarar) som har ein eigedom som ikkje kan koplast til det kommunale avløpsnettet. Søknaden skal normalt utarbeidast av eit kvalifisert og nøytralt føretak.

Forventningsavklaring

Handsamingstid

Kommunen skal handsame søknaden din så snart som mogleg. For søknader som krev løyve etter ureiningsforskrifta, er den lovfesta fristen for handsaming 6 veker.

Fristen startar når søknaden er komplett. Om søknaden har manglar, vil du få skriftleg melding om dette. Fristen vert då stoppa fram til vi har motteke dei naudsynte opplysningane.

Gebyr

Det er gebyr for handsaming av søknader om utsleppsløyve. Storleiken på gebyret er fastsett i kommunen si gebyrforskrift og vert justert årleg. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Korleis søke?

Send søknad digitalt

Søknadsskjema (mindre enn 50 pe) (PDF, 163 kB)

Klage på vedtaket

Om du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på 3 veker frå du mottok vedtaket. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. 

Klagen skal sendast til kommunen, som vurderer saka på nytt. Om vedtaket vert halde ved lag, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Ullensvang kommune

Lovgrunnlag

  • Forurensningsloven
  • Forurensningsforskriften, kapittel 12 og 13
  • Plan- og bygningsloven
  • Forvaltningsloven