1. Ansvarleg (søkjar)
Her skal du gi alle opplysningar som er nødvendige for at kommunen skal kunne kontakte eininga i kommunen eller partslaget som søkjer om utsleppsløyve. Ansvarleg søkjar eig og driv anlegget og er ansvarleg for utsleppet, inkludert drifta og vedlikehaldet av anlegget.
Handheving og sanksjonar etter regelverket vil skje overfor den ansvarlege. Dersom ansvarleg søkjar ikkje er den same som ansvarleg eigar, må du oppgi det.
2. Søknaden gjeld
Her skal du oppgi om søknaden gjeld eit nytt utslepp eller ein vesentleg utsleppsauke. Vesentleg auke vil normalt seie at utsleppsmengda aukar med 25 prosent eller meir, at det er endring i type utslepp eller endring i utsleppsstad. For mindre anlegg vil utsleppet normalt auke vesentleg dersom ein installerer vassklosett, dusj, bad, våtrom og liknande. Vesentleg auke vil òg normalt vere tilfelle når eksisterande anlegg blir utvida, til dømes på grunn av at nye område blir kopla til anlegget. Endring av utslepp kan dessutan medføre at det er fare for nye eller større brukarkonfliktar. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om kva som er vesentleg auke.
3. Eigedom og byggjestad
Her skal du oppgi gardsnummer, bruksnummer og adresse til bygningen eller bygningane som skal knytast til avløpsanlegget. Gards- og bruksnummer får du ved å kontakte kommunen.
Du må undersøkje med kommunen om utføringa av det planlagde anlegget er i samsvar med dei kommunale planane etter plan- og bygningslova. Dersom utføringa eller lokaliseringa av reinseanlegget ikkje er i samsvar med dei kommunale planane, må du skaffe samtykke frå plan- og bygningsetaten. Hugs å oppgi dato for når samtykket blei gitt, og legg samtykket ved søknaden.
4. Utsleppsstad og storleik
Her skal du gi opplysningar om utsleppsområdet. Det vil seie om avløpsvatnet går til innsjø, bekk eller elv, elvemunning eller liknande. Du skal òg oppgi namn på lokalitet og kartkoordinatar. Kartkoordinatane finn du på eit økonomisk kart eller plankart i målestokk 1 : 5000 eller større frå Statens kartverk. Kart finn de på kommunekart.com, eller ved å ta kontakt med Kart og oppmåling i kommunen, eller på fylkeskartkontoret. Du kan òg til dømes bruke norgeskart.no frå Kartverket.
Plasseringa av avløpsanlegget og utsleppsstaden skal merkjast av på kartet. På same kart skal du òg merkje av eigedomsgrenser og eventuell vegtilkomst (for slamtømming, vedlikehald etc.). På Seeiendom.no kan du skrive ut kart der gnr./bnr., eigedomsgrenser, namn, utskriftsdato og kartgrunnlag kjem fram. Legg ved kartet saman med søknaden.
Dersom søknaden gjeld utslepp til vatn, må du oppgi kor mange meter under den lågaste vasstanden avløpsvatnet blir sleppt ut (utsleppsdjupna).
Oppgi den venta storleiken på utsleppet i personekvivalentar (pe). Personekvivalentar er eit mål på mengda organisk materiale i avløpsvatnet. Ein kan finne pe på fleire måtar, men dette er hovudregelen:
- Utslepp frå hus og hytter med innlagt vatn og vassklosett: 1 person bidreg med 1 pe.
- Utslepp frå hytter med innlagt vatn utan vassklosett: 1 person bidreg med 0,3 pe.
- Utslepp frå hytter utan innlagt vatn og vassklosett: 1 person bidreg med 0,1 pe.
Døme 1:
10 hus med innlagt vatn og vassklosett, 6 personar per husstand:
10 * 1 pe/person * 6 personar = 60 pe. Venta utsleppsstorleik er 60 pe.
Døme 2:
Hyttefelt med 40 hytter med innlagt vatn og vassklosett, 10 sengeplassar per hytte**:
40 * 1 pe/person * 10 sengeplassar = 400 pe. Venta utsleppsstorleik er 400 pe.
** Det varierer kor mange personar som er på ei hytte. Når ein skal berekne personekvivalentane, må ein ta utgangspunkt i maksimum persontal på hytta til same tid. Talet på sengeplassar kan vere eit godt mål på maksimum persontal / maksimum belasting.
Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på korleis du bereknar den venta utsleppsstorleiken.
5. Reinsegrad
Kva reinsekrav som gjeld på den staden du vil sleppe ut avløpsvatn, er avhengig av om utsleppsområdet er klassifisert som normalt, følsamt eller mindre følsamt, sjå vedlegg til 1.1.2 c til forureiningsforskrifta § 11.
For å finne ut kva reinsekrav som gjeld på den staden der du vil sleppe ut avløpsvatn, må du først finne ut kva område utsleppsstaden ligg i:
- Følsamt eller normalt område: Ferskvassførekomstar. Kyststrekninga svenskegrensa–Lindesnes med tilhøyrande nedbørsfelt og Grimstadfjord-området inkludert Nordåsvannet, Grimstadfjorden, Mathopen og Dolviken i Hordaland
- Mindre følsamt område: Kystfarvatn og elvemunningar frå Lindesnes til Grense Jakobselv, bortsett frå Grimstadfjord-området i Hordaland
Følsamt eller normalt område: Dersom staden du vil sleppe ut til, er klassifisert som følsamt eller normalt område, set du kryss i boksen «Reinsegrad, jamfør § 13-7, følsamt eller normalt område». Dersom søknaden gjeld kommunalt avløpsvatn, skal du krysse av i boksen nedanfor, som har det strengaste reinsekravet.
Mindre følsamt område: Dersom staden du vil sleppe ut til, er eit mindre følsamt område, skal du setje kryss i boksen «Reinsegrad, jamfør § 13-8, mindre følsamt område». Du må i tillegg spesifisere reinsegraden ved å krysse av for anten a) 20 % reduksjon av suspendert stoff eller b) 100 mg suspendert stoff per liter (årleg middelverdi) i restkonsentrasjonen.
Dersom du søkjer om unntak frå reinsekrava, skal du krysse av i boksen «Søkjer unntak frå §§ 13-7 til 13-8». Hugs at grunngiving eller spesifisering for ønsket om unntak frå reinsekrav må leggjast ved søknaden som vedlegg 6b.
Det kan vere nyttig å ta kontakt med kommunen eller ein fagkyndig for å få nødvendig informasjon eller rettleiing om kva reinsekrav som gjeld der du planlegg utslepp. Du kan òg få ein fagkyndig til å gjere vurderingane for deg.
Under punktet «Type reinseanlegg» skal du oppgi kva slags reinseanlegg du ønskjer å installere. Dersom søknaden gjeld minireinseanlegg, skal du også fylle ut «Tillegg for minireinseanlegg».
Oppgi dimensjonert anleggsstorleik i personekvivalentar (pe). Det finn du til dømes i dokumentasjonen frå anleggsleverandøren. Vurdering av kor stort anlegg du skal velje, bør gjerast med eit perspektiv på ti år.
6. Vedlegg til søknaden
Sjå punkt under
7. Eventuelle merknader frå søkjaren
Her kan du skrive eventuelle merknader du meiner er nyttig informasjon for kommunen når søknaden skal behandlast.
8. Underskrift og erklæring
Med underskrifta di stadfestar du at du har gitt rette og fullstendige opplysningar. Du forpliktar deg òg til å følgje dei oppgitte føresegnene, inkludert føresegner som gjeld drift og vedlikehald.
Vedlegg som skal følgje skjema: