Utsleppsløyve for vatn og avløp (over 50 pe)

Gjeld søknad om utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbygde område – kapittel 13 i forureiningsforskrifta - anlegg over 50 pe.

Kven skal søka?

Anten du skal etablere eit nytt utslepp av avløpsvatn eller vil auke eit eksisterande utslepp vesentleg, må du søkje kommunen om utsleppsløyve.

Vesentleg auke vil ofte seie at utsleppsmengda aukar med 25 prosent eller meir, at det er endring i type utslepp eller endring i utsleppsstad. 

Denne sida gjeld søknad om utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbygde område – kapittel 13 i forureiningsforskrifta - anlegg over 50 pe.

Kontakt kommunen dersom du er usikker på om du treng å søkje.

Forventningsavklaring

Handsamingstid

Vi behandlar søknaden innan seks veker frå fullstendig utfylt skjema med alle vedlegg er motteke. Dersom det manglar opplysningar eller dokumentasjon, kan det forseinke behandlinga. 

Har du har søkt om unntak frå standardkrava i forureiningsforskrifta kapittel 13, gjeld ikkje den absolutte saksbehandlingsfristen på seks veker.

Gebyr

Det er gebyr for handsaming av søknader om utsleppsløyve. Storleiken på gebyret er fastsett i kommunen si gebyrforskrift og vert justert årleg. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Korleis søkje?

Søkjaren har ansvar for å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle
opplysningar som forureiningsmyndigheita i kommunen treng for å kunne
behandle han. 

Kommunen tek til å behandle søknaden når eit fullstendig utfylt
søknadsskjema med alle nødvendige vedlegg ligg føre.

Søknadsskjema (over 50 pe.)

Klage på vedtak

Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke. Ein eventuell klage må sendast til kommunen innan tre veker.

Dersom kommunen held oppe vedtaket, blir klagen vidaresend og behandla i klagenemnda til den aktuelle kommunen.

Ullensvang kommune