Tømming av slamavskiljar (septiktank)

Kommunen har obligatorisk tømming av alle slamavskiljarar (septiktankar). Du får eit varsel på SMS eller e-post frå Norva24 før vi kjem, slik at du kan gjera klar tanken.

Kva er dette?

Alle eigedomar som har ein slamavskiljar eller tett tank, er med i den obligatoriske tømmeordninga til kommunen. Kor ofte tanken din vert tømt, kjem an på kva type eigedom og tank du har:

  • Bustadar, næringsbygg og grendehus: kvart 2. år
  • Fritidsbustadar: kvart 4. år
  • Tette tankar: kvart år

Om du har behov for å tømma tanken oftare enn dette, må du sjølv bestilla og betala for ekstra tømming.

Lurar du på kor tid tanken vart tømt sist?

Ta kontakt med kommunen eller:

Gå inn på mintank.no og legg til gards- og bruksnummer. Du får då opp din informasjon; Sist tømming, neste planlagte tømming osv.

Kven kan få det?

Alle som eig ein eigedom med slamavskiljar, septiktank eller tett tank i kommunen, er med i ordninga.

Slik gjer du klar tanken

Vi hentar telefonnummeret eller e-postadressa din frå det nasjonale Kontakt- og reservasjonsregisteret. Du får eit varsel på SMS eller e-post frå Norva24 før vi kjem, slik at du kan gjera klar tanken. Om du ikkje har fått varsel, må du sjekka at du er rett registrert.

Les meir om varsling på SMS-, telefon og e-post her. 

Når du får varselet, må du klargjera tanken før tømmebilen kjem:

  1. Grav fram tanklokket viss det er dekt av jord eller snø.
  2. Rydd vekk tre, buskar og anna som hindrar tømmebilen i å koma fram.

Du treng ikkje vera heime når vi tømmer tanken. Hugs at viss tanken ikkje er gjort klar når vi kjem, må du likevel betala gebyret for tømminga. Viser til “Forskrift om tømming av slamavskiljarar og tette tankar” § 5.

Kva kostar det?

Prisen du betaler, avheng av kor stor tanken er, og kor ofte den vert tømt. I tillegg kjem eit fast kontrollgebyr per tank (dette gjeld òg for gråvassanlegg).

Ved behov for oftare tømming, må eigar sjølv sørge for å bestille tømming og ta kostnadane med dette. 

Dersom tanken ikkje er klargjort, må du likevel betala gebyr. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Lover og reglar