Tømming av slamavskiljar/septiktank

Det er tvungen slamtømming i kommunen. Det vert levert varsel til innbyggjar før tanken skal tømmast, slik at tank kan klargjerast.

Kor ofte vert slamavskiljar tømt?

Septiktankar til bustadar, næring, grendahus og liknande vert tømt kvart 2. år. Tankar til fritidsbustadar vert tømt kvart 4.

Ved behov for oftare tømming, må eigar sjølv sørge for å bestille tømming og ta kostnadane med dette. 

Lurar du på kor tid tanken vart tømt sist?

Ta kontakt med kommunen eller:

Gå inn på mintank.no og legg til gards- og bruksnummer. Du får då opp din informasjon; Sist tømming, neste planlagte tømming osv.

Varsel om tømming

Det vert levert varsel via SMS eller e-post til innbyggjar før tanken skal tømmast. Varsel får du tilsendt frå NORVA24.

Du må klargjera tank før tømming. Dersom tanken ikkje er klargjort, må du likevel betala gebyr. Viser til “Forskrift om tømming av slamavskiljarar og tette tankar” § 5.

Lys blå sirkel med ei lyspære i mørk blå inni. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Om tankloket på slamanlegget tildekka, skal det gravast fram. Tre/buskar som hindrar framkomst skal ryddast vekk. 

Abonnentar treng ikkje vera tilstades ved tømming. 

Korleis finn vi deg?

E-post/telefonnummer er registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet, vi henter informasjon herifrå.

Om du ikkje mottek varsel, eller ligg inne med feil opplysningar. Les meir om varsling på SMS-, telefon og e-post her. 

Prisar

Gebyret vert regulert etter storleik på tank og tømmeintervall. I tillegg kjem eit kontrollgebyr per tank. Dette gebyret gjeld og gråvassanlegg.

Ved behov for oftare tømming, må eigar sjølv sørge for å bestille tømming og ta kostnadane med dette. 

Dersom tanken ikkje er klargjort, må du likevel betala gebyr. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Lover og reglar