1. Ansvarleg (søkjar)
Her skal du gi alle opplysningar som er nødvendige for at kommunen skal kunne kontakte deg eller sameiget/organisasjonen som søkjer om utsleppsløyve. Ansvarleg søkjar er normalt den som eig og driv anlegget (ansvarleg eigar / tiltakshavar), og som er ansvarleg for utsleppet, inkludert for drift og vedlikehald av anlegget. Dersom ansvarleg søkjar ikkje er den same som ansvarleg eigar, må du informere om det her. Handheving og sanksjonar etter regelverket vil skje overfor ansvarleg eigar.
2. Søknaden gjeld
Her skal du opplyse om søknaden gjeld eit nytt utslepp eller ein vesentleg auke av utsleppet. Du må opplyse om søknaden gjeld heilårsbustad, fritidsbustad og/eller annan bygning, og talet på bygningar i dei ulike kategoriane. Dersom det er eller skal installerast vassklosett, må du opplyse om det. Vesentleg auke kan vere at fleire område skal koplast til anlegget, installering av matkvern, vatn eller vassklosett. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om kva som er vesentleg auke.
3. Eigedom/byggjestad
Her skal du føre opp gardsnummer, bruksnummer (og eventuelt festenummer) og adresse på bygningen eller bygningane som skal knytast til avløpsanlegget. Dersom du ikkje kjenner gards-, bruks- og eventuelt festenummeret, kan du få vite det ved å kontakte kommunen.
Du må sjekke med kommunen om plasseringa og utføringa av det planlagde anlegget er i samsvar med kommunen sine planar etter plan- og bygningslova. Dersom utføringa og/eller lokaliseringa av reinseanlegget ikkje er i samsvar med kommunen sine planar, må du innhente samtykke frå planmyndigheita. Det kan krevje politisk behandling. Hugs å føre opp dato for kva tid samtykket blei gitt.
4. Utsleppsstad
Her skal du gi opplysningar om utsleppsområdet. Det vil seie om avløpsvatnet går til innsjø, bekk/elv, grunnvatn, elvemunning og så vidare. Du skal også føre opp namn på lokalitet og kartkoordinatar. Koordinatar kan du for eksempel finne på eit økonomisk kart/plankart i målestokk (1:5000) eller større frå Statens kartverk. Kart finn de på kommunekart.com, eller ved å ta kontakt med Kart og oppmåling i kommunen, eller på fylkeskartkontoret.
Hugs å føre opp kva kartdata du bruker, for eksempel WGS 84.P.
Plasseringa og utsleppsstaden til avløpsanlegget skal merkjast av på kartet. På det same kartet skal du også merkje av eigedomsgrenser og eventuell vegtilkomst (for slamtømming, vedlikehald og så vidare). Legg kartet ved søknaden (vedlegg D).
Gjeld søknaden utslepp til vatn, må du føre opp kor mange meter under lågaste vasstand det skal sleppast ut (utsleppsdjupn).
Den forventa storleiken på utsleppet skal førast opp i talet på personekvivalentar (pe). Personekvivalentar er eit mål på mengda organisk materiale i avløpsvatnet. Du kan finne pe på fleire måtar, men dette er hovudreglane:
- Utslepp frå hus og hytter med innlagt vatn og vassklosett: 1 person bidreg med 1 pe.
- Utslepp frå hytter med innlagt vatn utan vassklosett: 1 person bidreg med 0,3 pe.
- Utslepp frå hytter utan innlagt vatn og vassklosett: 1 person bidreg med 0,1 pe.
Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på korleis du reknar ut den forventa storleiken på utsleppet.
Eksempel 1:
Eitt hus med innlagt vatn og vassklosett, 6 personar i husstanden:
1 x 1 pe/person * 6 personar = 6 pe. Den forventa storleiken på utsleppet er 6 pe.
Eksempel 2:
Hyttefelt med 4 hytter med innlagt vatn utan vassklosett, 10 sengeplassar per hytte**:
4 x 0,3 pe/person * 10 sengeplassar = 12 pe. Den forventa storleiken på utsleppet er 12 pe
** Det vil variere kor mange personar som oppheld seg på ei hytte. Når ein skal rekne ut forventa tal på personekvivalentar, må ein ta utgangspunkt i maksimum tal personar på hytta til same tid. Talet på sengeplassar kan vere eit godt mål på maksimum tal personar / maksimum belastning.
5. Reinsegrad
Krava til reinsegrad i dei enkelte kommunane kan vere strengare enn standardkrava i kapittel 12. Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på kva reglar som gjeld. Oppdaterte lokale forskrifter finn du på lovdata.no.
Informasjonen om krava til reinsegrad som følgjer nedanfor, rettar seg mot standardkrava i forureiningskrava i kapittel 12.
Kva reinsekrav som gjeld på den staden der du planlegg utsleppet, er avhengig av om utsleppsstaden ligg i eit følsamt/normalt eller mindre følsamt område, om det er brukarkonfliktar involvert, og om det er fare for overgjødsling.
For å finne ut kva reinsekrav som gjeld på den staden du vil sleppe ut avløpsvatn, må du først finne ut om utsleppsstaden ligg i eit følsamt/normalt område eller i eit mindre følsamt område:
- Følsame/normale område er ferskvatn og kyststrekninga frå svenskegrensa til Lindesnes med tilhøyrande nedbørfelt og Grimstadfjorden-området (Nordåsvannet, Grimstadfjorden, Mathopen og Dolviken).
- Mindre følsame område er kystfarevatn og elvemunningar frå Lindesnes til Grense Jakobselv unnateke Grimstadfjorden-området.
Følsamt/normalt område
Dersom staden du vil sleppe ut til, er klassifisert som følsamt/normalt område, set du kryss i boksen «Utslippssted i følsomt/normalt område». Deretter må du vurdere eventuelle brukarkonfliktar og/eller fare for overgjødsling. Dersom det er brukarinteresser involvert, skal du krysse av i boks a, som er det strengaste reinsekravet. Dersom det derimot ikkje er brukarinteresser involvert, men fare for overgjødsling, kryssar du av i boks b, der reinsekravet ikkje er fullt så strengt som for a. Dersom det verken er brukarinteresser eller fare for overgjødsling, kryssar du av i boks c (det minst strenge kravet).
Gjeld søknaden berre gråvatn (avløpsvatn frå hushald som ikkje inneheld klosettvatn) som blir sleppt ut i stadeigne lausmassar eller liknande, skal du krysse av i boksen «stedegne løsmasser eller tilsvarende».
Mindre følsamt område
Dersom utsleppsstaden er eit mindre følsamt område, skal du setje kryss i boksen «Utslippssted i mindre følsomt område». Du må i tillegg spesifisere reinsegrad ved å krysse av for anten (a) 20 % reduksjon av suspendert stoff eller (b) maksimum 180 mg suspendert stoff/liter (årleg middelverdi). Gjeld søknaden gråvatn som skal sleppast ut til mindre følsam sjøvassresipient, er det ikkje krav til reinsing, og du kan krysse av i boksen «urenset».
Dersom du søkjer om unntak frå reinsekrava, skal du krysse av i boksen «Det søkes unntak fra §§12-8 til 12-9 / lokal forskrift». Hugs at du må leggje ved ei grunngiving/spesifisering for ønsket om unntak frå reinsekrava (vedlegg B).
Under punktet «Type renseanlegg» skal du oppgi kva slags reinseanlegg du ønskjer å installere. Gjeld søknaden minireinseanlegg, skal du også fylle ut «Tillegg for minirenseanlegg».
Den dimensjonerte storleiken på anlegget skal førast opp i talet på personekvivalentar pe. Dette finn du for eksempel i dokumentasjonen frå anleggsleverandøren. Når du skal vurdere kor stort anlegg du skal velje, bør du tenkje i eit perspektiv på 10 år. Anlegget bør uansett ikkje vere dimensjonert for mindre enn 5 pe.
6. Vedlegg til søknaden
Sjå punkt under.
7. Eventuelle merknader (ikkje obligatorisk)
Her kan du skrive eventuelle merknader som du meiner er nyttig informasjon for kommunen når søknaden skal behandlast.
8. Underskrift og erklæring
Merk at det er ansvarleg eigar som skal underteikne søknaden. Underskrifta til ansvarleg eigar står inne for at det er gitt riktige og fullstendige opplysningar. Eigaren forpliktar seg til å følgje dei oppførte føresegnene, inkludert føresegner som gjeld drift og vedlikehald.