Forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg – med kommentarar

13 Lukt

§ 13. Lukt

Avløpsanlegget skal dimensjonerast, byggjast, driftast og vedlikehaldast på ein slik måte at omgjevnadane ikkje vert utsette for sjenerande lukt.

Kommentar til § 13

Forskrifta angjev hovudomsyna som skal ivaretakast når den ansvarlege skal avgrense eventuelle vesentlege luktulemper.