Kommentar til § 5
Sanitært avløpsvatn med utslepp til innland/ ferskvassresipientar (følsamt og normalt område), skal minst etterkomme følgjande krav til reinsing (krav A, B eller C):
A: Ved brukarinteresser / brukarkonflikter:
- Parameter: Total fosfor (Tot-P)
- Svarar til prosent reinsegrad: 90 %
- Parameter: Organisk stoff (BOF5)
- Svarar til prosent reinsegrad: 90 %
B: Fare for eutrofiering:
- Parameter: Total fosfor (Tot-P)
- Svarar til prosent reinsegrad: 90 %
- Parameter: Organisk stoff (BOF5)
- Svarar til prosent reinsegrad: 70 %
C: Verken fare for eutrofiering eller brukarinteresser:
- Parameter: Total fosfor (Tot-P)
- Svarar til prosent reinsegrad: 60 %
- Parameter: Organisk stoff (BOF5)
- Svarar til prosent reinsegrad: 70 %
Oversikt med krav til reinseeffekt er henta frå forurensningsforskriften kapittel 12
Vassdraga i Ullensvang er i generell god tilstand.
Det vart innleiingsvis vurdert om kommunen skulle delast inn i ulike soner med ulike reinsekrav. Administrasjonen er av den oppfatninga at det er brukarkonflikter/ brukarinteresser i alle kommunen sine område der det også er busetnad.
Med brukarinteresser meiner ein til dømes interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon og næringsverksemd. Rekreasjon omfattar mellom anna badeplass, leikeplass og områder for vassport. Døme på næringsverksemd er vatning av jordbruksareal.
Kommunen har ikkje oversikt over alle brukarinteressene (til dømes plassering av privat vassforsyning) og ønskjer av den grunn at alle private reinseanlegg i innland/til ferskvassresipientar skal rette seg etter det strengaste kravet til reinsing (gruppe A).
På bakgrunn av resipienttilstand, og for at det skal vere mogleg å følgje opp om reinseanlegga fungerer tilfredsstillande, er det sett krav til maksimum utløpskonsentrasjonar i lokal forskrift.