Kommentar til § 11
Krav om utarbeiding av rammeplan ved utarbeiding av reguleringsplan for bustad- og fritidsbusetnad der avløpet ikkje kan førast til offentleg leidningsnett. Krav til rammeplan skal følgje parallelt med Ullensvang kommune sine krav til utarbeiding av reguleringsplan og utarbeidast til første handsaming.
Arealavgrensing for eksisterande og framtidige hyttefelt går fram av Kommuneplanen sin arealdel.
Med rammeplan forstår ein følgjande: Ein plan som avklarar brukarinteresser, drikkevassforsyningar og ureiningssituasjonen i resipient eller delområde. Rammeplanen skal vere utarbeidd/ vurdert av firma med hydrogeologisk kompetanse. Rammeplanen skal gje retningslinjer for avlaupsløysingar, utsleppsverdiar og utsleppspunkt.
Kommunen har utarbeidd notat med overordna områdevurderingar av nokre eksisterande hyttefelt, som utgangspunkt for framtidige rammeplaner.