3 Definisjonar
§ 3. Definisjonar
I samsvar med forureiningsforskrifta § 11-3 gjeld følgjande definisjonar:
Sanitært avlaupsvatn: Avlaupsvatn som i hovudsak skriv seg frå menneska sitt stoffskifte og frå hushaldningsaktivitetar, medrekna avlaupsvatn frå vassklosett, kjøken, bad og liknande.
Kommunalt avlaupsvatn: Sanitært avlaupsvatn og avlaupsvatn som består av ei blanding av sanitært avlaupsvatn og industrielt avlaupsvatn og/eller overvatn. Dersom mengda sanitært avlaupsvatn ikkje overstig 2000 pe og sanitært avlaupsvatn samstundes utgjer mindre enn 5 % av avløpsvatnet, blir ikkje avlaupsvatnet rekna som kommunalt avlaupsvatn.
Avlaupsanlegg: Kvart anlegg for handtering av avlaupsvatn som består av ein eller fleire av følgjande hovudkomponentar: Avlaupsnett, reinseanlegg og utsleppsanordning.
Personekvivalent (pe): Med personekvivalent (pe) meinast den mengda med organisk stoff som vert brote ned biologisk med eit biokjemisk oksygenforbruk over fem døgn (BOF5 ) på 60 gram oksygen pr. døgn. Avlaupsanlegget sin storleik i pe vert rekna på grunnlag av største vekentlege mengde som går til reinseanlegget eller utsleppspunkt i løpet av året, med unntak av uvanlege tilhøve som til dømes skuldast kraftig nedbør. 1 pe svarer itl utslepp frå 1 person.
I tillegg gjeld følgjande definisjonar:
Gebyrpliktig: Gebyrpliktig for sakshandsamingsgebyr er eigar av avlaupsanlegg som det blir søkt om utsleppsløyve for, som det blir søkt om omgjering av utsleppsløyve for eller som er forslagstillar av rammeplan. Gebyrpliktig for kontroll-/tilsynsgebyr er eigar av avlaupsanlegget.
Gebyrregulativet: Namnet på kommunen si gjeldande prisoversikt for gebyr. Satsane i gebyrregulativet vert oppdatert gjennom vedtak i kommunestyret.
Kommentar til § 3
Sakshandsaminga omfattar sakshandsaming etter forureiningsforskrifta kapittel 12,13 og 15A.
Gebyrgrunnlaget skal dekkje følgjande tenester:
- Innleiande sakshandsaming, førehandsvarsling, handsaming av eventuelt innkomne uttalelsar, utarbeiding av forslag til vedtak, oppfølging etc.
- Generell førebuing og innhenting av bakgrunnsmateriale for sakshandsaming, medrekna nødvendig synfaring.
- Eventuell kontroll av anlegg under bygging og ferdigkontroll av anlegg.
- Vurdering av resipientar og brukarinteresser (kun ein del der det også er utslepp frå andre kjelder).
- Eventuell klagesakshandsaming.
- Eventuell sakshandsaming etc. knytt til opprydding av eldre utslepp.