Du kan be om innsyn i alle offentlege dokument. Også dei som ikkje er publisert i fulltekst.
Det er ikkje krav om å sende skriftleg innsynsførespurnad, den kan vere munnleg jf. Offentleglova §28.
Dersom innsynsførespurnaden omfattar meir enn eit spesifikt dokument, er det likevel ynskjeleg at du sender ein skriftleg førespurnad med informasjon om kva du ynskjer innsyn i.
Vi oppmodar om at du nyttar digitalt skjema til din innsynsførespurnad:
Innsynsførespurnad – saksarkiv
Du kan og senda krav om innsyn til:
Send ikkje førespurnad per e-post dersom den inneheld personsensitiv informasjon.
Kommunen behandlar innsynsførespurnader etter gjeldande lover.
Dersom du ikkje får svar på eit innsynskrav innan 5 dagar etter at kommunen har motteke førespurnaden, vert den rekna som avslått. Du kan då sende klage til Statsforvaltaren, jf. Offentleglova §32.