Utviding av skjenkeareal

Treng du eit større skjenkeareal for eit bestemt arrangement eller i ein kortare periode? Då kan du søkja om å utvida arealet du allereie har lov til å skjenka alkohol på.

Gjeld dette deg? 

For å utvida eit skjenkeareal, må du ha eit gyldig skjenkeløyve frå før. Om du ikkje har det, må du søkja om skjenkeløyve for einskildhøve i staden.

Kva er dette?

Du kan søkja om å utvida arealet der du serverer alkohol, for eit bestemt arrangement eller i ein tidsavgrensa periode. Utvidinga kan gjelda både innandørs og utandørs areal som normalt ikkje er ein del av det faste skjenkeløyvet ditt.

Kva kostar det?

Det koster ikkje noko for utviding av skjenkeareal.

Kva skjer etter at du har søkt?

Du må senda inn søknaden i god tid, og seinast to veker før arrangementet skal vera. Der det er nødvendig, hentar kommunen inn ei fråsegn frå politiet før du får svar.

Slik søkjer du

For at vi skal kunna behandla søknaden din effektivt, må søknaden vera komplett. 

Gjer klart dette før du søkjer:

  1. Lag ei målsatt teikning eller ei tydeleg skisse over det nye arealet. Skissa må visa korleis arealet vert avgrensa med fysiske sperrer eller gjerde.
  2. Skriv ei skildring av korleis de vil sikra forsvarleg vakthald, kontroll og tilsyn på det utvida arealet.
  3. Hent inn eit skriftleg samtykke frå grunneigaren, viss verksemda di ikkje eig grunnen sjølv.
  4. Fyll ut og send inn det digitale søknadsskjemaet.

Kontakt oss

Aslaug Margrethe Åkre
Avdelingsleiar for Innbyggjarservice
Telefon 46 78 50 67