ServeringsløyveVerksemder som serverer mat eller drikka, må ha serveringsløyve.Når treng du serveringsløyve?Skal du starta ein serveringsstad må du søkja om serveringsløyve. Om du tek over ein eksisterande serveringsstad, må du søkja eige løyve seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.Korleis få serveringsløyve?Serveringsløyve vert gjeve til verksemda som skal drifta staden Serveringslova stiller krav om uklanderlig vandel Dagleg leiar må vera tilsett ved staden, om ikkje eigar har denna rolla Daglig leiar må ha bestått etablererprøven for å kunne søkja om serveringsløyve Slik søkjer duDu søkjer digitalt her via vårt skjemaVedlegg som må følga søknadenStadfesting på bestått etablererprøve for dagleg leiar.FirmaattestSkatteattest på dagleg leiarGrunneigar sitt løyve til uteserveringTeikning eller beskriving av lokalet inne og uteKjøpekontrakt eller annen dokumentasjon på overdraging, om det vert søkt om løyve etter eigarskifteKor lang tid tek det?Søknad om serveringsløyve vert stort sett handsama innan 60 dagar. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, Mattilsynet, NAV Ullensvang og Skatteetaten. Handsamingstida kan verta lenger om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til saka eller om det kjem endringar undervegs i søknadshandsaminga.Lover og reglarLov om serveringsverksemd (serveringslova)Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)