Søk salsløyve

Butikkar som vil selja alkohol, må søkja om salsløyve. Bensinstasjoner, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Kven kan få løyve?

Personar eller verksemder som ynskjer å selja alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salsstaden, må søkja kommunen om salsløyve. Det er ikkje høve å få salsløyve på bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet vert gjeve for inntil 4 år.

Ved endring

Er det endringar i løyve, til dømes skifte av styrar, avløysar eller driftskonsept, krev det ny godkjenning. Løyvet fell vekk om verksemda vert overdregen til andre. Ein kan driva på tidligare løyve i inntil tre månader, men då må løyvemynde (kommunen) vera informert. Det må søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overtaking.

Produksjon av alkohol

Løyvehavar med kommunalt salsløyve kan søkje om å få utvida sitt salsløyve til å omfatta tilverking for sal i eige verksemd av visse produkt i gruppe 2, direkte frå produksjonsplassen. Salet og tilverkinga må utgjera ein del av plassen sin heilskaplege karakter og salstilbod, til dømes lokale tradisjonar og fremja lokal kultur og turisme. 

Les meir om dette i vår Alkoholpolitiske handlingsplan.

Vilkår

Løyvesøkjar og personar som har vesentlig innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderlig vandel. For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må  ha bestått kunnskapsprøven for sal, vera over 20 år og jobba i verksemda.

Løyvet vert tildelt etter ei vurdering ut i frå skjøn.

Slik søkjer du

Du søkjer digitalt her via vårt skjema

Vedlegg som må følgja søknad

  • Skatteattest og prov på bestått kunnskapsprøve for styrar og stedfortredar.
  • Kartskisse over salsplassen
  • Firmaattest og skatteattest for verksemda

Sakshandsamingstid

Søknaden vert sendt på høyring til politiet og Skatteetaten før Ullensvang formannskap avgjer søknaden. Dette tek normalt 6 veker.

Samarbeidspartnarar

  • Sals- og skjenkekontroll  
  • Politi