Fast skjenkeløyve

Driv du ein serveringsstad og ynskjer å servera alkohol, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Når treng du skjenkeløyve?

Verksemder som ynskjer å skjenka alkoholhaldig drikk må søkja om både serverings- og skjenkeløyve.  

Om du tek over ein eksisterande serveringsstad, må du søkja eige løyve seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.

Løyvet kan gjelda:

  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1 – frå 2,5 inntil 4,7 volumprosent alkohol
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 – inntil 22 volumprosent alkohol
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 – inntil 60 volumprosent alkohol

Korleis få skjenkeløyve?

  • Skjenkeløyve vert gjeve til verksemda som skal drifta staden  
  • Alkohollova og serveringslova stiller krav om uklanderlig vandel  
  • Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søka om skjenkeløyve  
  • Dagleg leiar må vera tilsett ved staden, om ikkje eigar har denna rolla  
  • Daglig leiar må ha bestått etablererprøven for å kunne søkja om serveringsløyve  
  • Styrar og avløysar må vera over 20 år og vera tilsett staden eller arbeida der i kraft av eigarstilling

Slik søkjer du

Du søkjer digitalt her via vårt skjema

Vedlegg som må følgja søknaden

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve for dagleg leiar og bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar
  • Firmaattest
  • Skatteattest på dagleg leiar, styrar og avløysar
  • Grunneigar sitt løyve til uteservering
  • Teikning eller beskriving av lokalet inne og ute
  • Kjøpekontrakt eller annen dokumentasjon på overdraging, om det vert søkt om løyve etter eigarskifte

Kor lang tid tek det?

  • Søknad om skjenkeløyve vert stort sett handsama innan 60 dagar.  
  • Søknaden vert sendt på høyring til Politiet, Mattilsynet, Nav Ullensvang og Skatteetaten.  
  • Handsamingstida kan verta lenger om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til saka eller om det kjem endringar undervegs i søknadshandsaminga.