Alkoholpolitisk handlinsplan 2024 - 2028

8 Skjenkeløyve for einskildhøve

  • Løyve for einskildhøve må knytast til ein bestemt hending.
  • Det skal vera ein skjenkeansvarleg. Ikkje krav om avløysar, men ved større arrangement, kan løyvemynde krevja det.
  • Det vert ikkje gjeve skjenkeløvye:
    • På idrettsarrangement.
    • På arrangement der barn og unge er målgruppa.
  • For å få løyve for einskildhøve må det vera 18 års aldersgrense til skjenkelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon på arrangement der det vil vera naturleg å gje tilgang til ungdom under 18 år. Dette kan til dømes vera konsertar, revy eller andre kulturelle arrangement.
  • På såkalla bygdafestar kan ungdom frå 15 år og oppover delta. Vilkår for dette er at det vert utarbeidd risikovurdering/handlingsplan, for å hindra at mindreårige får tilgang til alkoholhaldig drikk.
  • Varigheit på eit einskildhøve er opp til 6 dagar
  • Det skal utvisast forsiktigheit med å gje løyve for gruppe 3 ved store arrangement.
  • Løyvesøkjar skal varsla politiet i god tid før større arrangement. Det er politiet som set vaktkrav og skal godkjenna vaktlista.
  • Ullensvang kommune kan setja krav om kursing/dialogmøte i samband med enkelte arrangement, som til dømes bygdafestar, slik at desse festane kan gjennomførast med tryggleik og god orden for alle som deltek. Evt. kan ein gjennomføra digital kursing via Korus. Det må leggjast fram dokumentasjon på at kurset er gjennomført.
     

Gebyr for einskildhøve

  • 1 - 99 gjester – kr. 600,-
  • 100 - 199 gjester – kr. 1 500,-
  • 200 gjester og meir – kr. 3 000,-

Gebyr for sals- og skjenkeløyver med fråtrekk av kostnader til sals- og skjenkekontroll skal øyremerkast førebyggjande tiltak retta mot barn og unge.