Rådmannen og leiargruppaRådmannen og leiargruppa utgjer kommunen si strategiske leiing.Rådmannen er den øverste administrative leiaren for den samla kommunale administrasjonen, med dei unntak som følgjer av lov og innafor dei rammene som kommunestyret set.Rådmannen skal sjå til atSakene som vert lagt fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreidd og at vedtak vert sett i verk.Administrasjonen vert drifta i samsvar med lover, forskrifter, overordna instruksar og reglar for intern kontroll.Rådmannen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle kommunale folkevalde organ med unnatak av kontrollutvalet.Rådmannen har delegerte fullmakter frå kommunestyret etter gjeldande delegeringsreglement for kommunen.Kontakt med rådmannenRådmannen ynskjer god dialog med innbyggjarane i kommunen, det er berre å ta kontakt. Hugs at e-post og anna kommunikasjon vert handsama i samsvar med «Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd» også kalla offentleglova. Du må rekna med at innhaldet i meldinga di kan verta offentleg tilgjengeleg.Leiargruppa