Legat og stiftingarKommunen administrerer og deler ut tilskot og støtte frå ulike legat og stiftingar. Sist endra 19.08.2026 12:20 Årleg søknadsrundeDet er årleg utdeling frå legata. Sjå søknadsfrist for kvart legat. Søknadar som kjem etter søknadsfristane blir teke med på neste års søknadsrunde.Gå til digitalt søknadsskjemaMarie og Asbjørn Røviks legatStøtte til personar som er sjuke av kreft og ønskjer behandling som ikkje blir dekka av det offentlege.Hjelp til familiar der ein av dei næraste lir av kreft, til reiser, besøk o.l.Søknadsfrist: Dato kjemLes vedtekter her Helleland og Ystanes legat Skal nyttast til beste for eldre med tilknyting til Bråvolltunet Søknadsfrist: 1. oktober 2026Les vedtekter her Gunvor og Sigurd Rateigs legat Støtte til evnerik ungdom som tek utdanning på bachelor-, master- eller doktorgradsnivåSøknadsfrist: 1. oktober 2026Les vedtekter her Ullensvang sosiallegat Stønad/hjelp på sosialt grunnlag til folk som bur i Ullensvang kommune. Det kan og ytast stønad til velferdstiltak for eldre og/eller sjuke Søknadsfrist: 1. oktober 2026Les vedtekter her Ullensvang skule og ungdomslegat Støtte til utdanning på bachelor, master eller doktorgradsnivå Påskjøning til ungdom som har gjort ein stor innsats for å betre tilhøva for ungdom i Ullensvang Støtte til personar som etter høgare utdanning flytte til Ullensvang og etablere eiga verksemd Støtte til ungdom over 16 år som har synt framifrå evner og tek vidareutdanning i praktisk lei Påskjøning til den/dei som har gjort mest for skogsaka i Ullensvang Søknadsfrist: 1. oktober 2026Les vedtekter her