Oversikt tilfluktsrom

Tilfluktsrom er permanente beskyttelsesrom som er bygd for å kunna gi vern for befolkninga, slik at dei som er i nærområdet kan søkja tilflukt i ein krigs-/ beredskapssituasjonen.

Tilfluktsrom vert berre teke i bruk om det oppstår heilt spesielle, alvorlege hendingar, til dømes krig. Når det vert behov for å evakuera til tilfluktsrom, vert befolkninga varsla.

Mange typar katastrofar og alvorlege hendingar krev beredskap, men sjeldan eigne tilfluktsrom. Du er godt verna i eigen heim om du har førebudd deg. ​

Tilfluktsrom

Dei offentlege tilfluktsromma er kommunen sitt ansvar i fredstid og vert drifta av sivilforsvaret i krigstid.

Oddahallen er kommunen sitt største tilfluktsrom med plass til omlag 3000 personar.

Du finn offentlege tilfluktsrom på fylgjande stader:

  • Odda
    • Oddahallen
    • Bygda
    • Knausen
  • Tyssedal
    • Skogly

Elles i kommunen ligg tilfluktsrom i tilknytning til skular og offentlege bygg.

Ved interesse om meir informasjon finn du dette på Sivilforsvaret sine nettsider.