Klarar du deg i sju dagar utan vatn og straum?

Klarar du deg i sju dagar utan vatn og straum? Styrk din eigen beredskap, dette er viktig for totalberedskapen i Norge. Vi vil at innbyggjarane våre skal vera førebudde på ei eventuell krise.

Kva kan skje?

Bidra til Norges beredskap - Klikk for stort bileteGod eigenberedskap viktig for totalforsvaret av Noreg Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Vi lever i ein stadig meir uroleg verden – blant anna som følge av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Norge, må vi vera førebudd på at ekstremver, pandemiar, ulykker, sabotasjar og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss.

Slike krisar kan gi store konsekvensar. Straumbrot kan for eksempel føra til at vatnet i springen, kloakksystemet, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt.

Trong for auka beredskap

Klimaendringar og sikkerheitspolitiske endringar krev auka beredskap. Vi må førebu oss på bortfall av kritisk infrastruktur. Norge sin stabilitet og avhengigheit av fungerande infrastruktur gjer oss sårbare, noko som understrekar trongen for god beredskap. 

I mai 2024 oppdaterte DSB råda om eigenberedskap til å omfatte ei heil veke mot tidlegare tre dagar.

Råd om eigenberedskap