Ansvar
Kvar og ein av oss har ansvar for eiga trygging og eigen beredskap. Når vi blir ramma av alvorlege hendingar eller kriser, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest.
Dess fleire av oss som kan ta vare på oss sjølv og våre næraste i slike situasjonar, dess betre er vi rusta som samfunn.
Utstyr
Klimaendringar og sikkerheitspolitiske endringar krev auka beredskap. Vi må førebu oss på bortfall av kritisk infrastruktur. Norge sin stabilitet og avhengigheit av fungerande infrastruktur gjer oss sårbare, noko som understrekar trongen for god beredskap.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap rår alle til å ha eigenberedskap for 7 døgn
Les meir på sikkerhverdag.no