Kommunekart - kommunen si digitale kartløysing

Kommunekart er ei digital kartteneste som gir deg detaljert informasjon om eigedommar, planar og geografien i kommunen.

Kva finn eg i karttenesta

I kommunekart finn du informasjon om eigedomar, kommuneplan og gjeldande reguleringsplanar i kommunen. Du finn temakart for mellom anna skred og flaum og natur- og kulturlandskap. 

Du nyttar nettsida anten ved å skrive inn adresse, stad eller eigedom, eller zoome inn til aktuell stad. Kartløysing er gratis. 

Du kan skru på ynskja kartlag, gjera målingar i kartet og skriva dei ut.

Kommunekart.com

Arealplanar

Arealplaner.no er ein nettstad der du kan finne arealplanar for heile kommunen. Her kan du søkje etter reguleringsplanar, kommuneplanar og planforslag, og få innsyn i gjeldande arealbruk, planstatus og planprosessar i kommunane.

Tenesta gjer det enklare for innbyggjarar, utbyggjarar og myndigheiter å få tilgang til oppdatert plandata.

Arealplaner.no