Kva er realkompetansevurdering?
Ei realkompetansevurdering skal avgjera kva for kompetanse du som vaksen har og kva for opplæring du skal få. Det vil bli vurdert etter læreplanen for førebuande opplæring for vaksne, uavhengig av kvar og korleis du har fått kompetansen du har.
I ei realkompetansevurdering der målet er opptak i vidaregåande opplæring, må du visa at du har gode nok kunnskapar i skulefaga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag, for å kunna meistra nivået i vidaregåande skule. Vurderinga vert gjennomført ved munnlege og skriftlege prøver.
Krav
For å vera aktuell for realkompetansevurdering må du:
- ha opphaldsløyve i Norge og bu i kommunen
- vera over 16 år
- ikkje ha vitnemål frå grunnskulen frå før
- ha rett til vaksenopplæring
Slik søkjer du
For å få dette tilbodet, ta kontakt med rektor ved vaksenopplæringa.
Prisar
Tilbodet er gratis.