Om vaksenopplæringaVaksenopplæringa i kommunen har to avdelingar. Den eine ligg i Kinsarvik og den andre i Odda. Sist endra 06.01.2026 08:01 Kva tilbyr vaksenopplæringa?Vaksenopplæring gir norskopplæring og førebuande opplæring for vaksne (FOV). Førebuande opplæring for vaksne er det same som tidlegare heitte grunnskuleopplæring for vaksne. I tillegg til dette arrangerer vi norskprøve, prøve i samfunnskunnskap og statborgarprøve. Vi arrangerer og realkompetansevurdering hjå oss. Vaksenopplæringa samarbeider i tillegg med Odda vidaregåande skule om opplæringstilbod for ungdom mellom 16 og 24 år, som har kort butid i Norge.Individuell tilretteleggingDet vert gjeve tilbod om individuell tilrettelegging, for deg som har behov for det. Du må då ha ei sakkunnig vurdering frå pedagogisk psykologisk teneste (PPT) som seier at du har behov for den aktuelle tilrettelegginga.Lover og reglarLov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven)Lov om grunnskuleopplæringa og om vidaregåande opplæring (opplæringslova)