Kva kan du få hjelp til?
Undervisning i kombinasjonsklasse skal bidra til at du som har kort butid og mangelfull grunnskuleopplæring, skal få eit godt utgangspunkt for å søkja vidaregåande utdanning. Tilbodet er eit samarbeid mellom kommune og fylke, der rektor ved vaksenopplæringa har det faglege ansvaret.
Tilbodet er lagt til Odda vidaregåande skule sine lokale, slik at du får vera saman med andre ungdommar. Det vert undervist i ulike modular i grunnskulefaga norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag, naturfag og kroppsøving. Modul 4 tilsvarer nivået til 10. trinn i grunnskulen.
Undervisninga i kombinasjonsklassen følgjer Førebuande opplæring for vaksne (FOV) sine læreplanar.
Kva må du kunna for å delta?
Du må ha litt norskkunnskapar for å gå i denne klassen. Det vil seia at du minst må meistra nivå A1 innanfor områda:
- munnlege kompetanse,
- leseforståing,
- lytteforståing, og
- skriftleg framstilling
Slik søkjer du
For å søkja på opptak i kombinasjonsklasse må du inn i vidaregåande skule sin søknadsportal - Vigo. Du må ha bank-ID for å søkja i portalen.
Vigo: Voksenopplæring og realkompetansevurdering
Prisar
Skuletilbodet er gratis.
Utdanning i FOV gir rett til stønad frå Statens Lånekasse for Utdanning. Her kan du søkja om flyktningstipend.
Meir informasjon
Du kan finna meir informasjon hjå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse: Forberedende opplæring for voksne (FOV)