Kven kan få tilbodet?
Vaksenopplæringa gir tilbod om tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar etter opplæringslova § 19-5. Dersom du har behov for å bruka alternativ supplerande kommunikasjon (ASK), eller treng opplæring i bruk av det, kan det vera ein del av tilrettelegginga.
Det kan og bli lagt til rette for at du får særskild opplæring for å kunna utvikla eller halda ved like grunnleggjande opplæring i den førebuande opplæringa. Dette finn du i opplæringslova § 19-6.
Korleis få tilbodet?
Det er pedagogisk psykologisk teneste - PPT som vurderer om du har behov for tilrettelegging utover tilpassa opplæring, sjå opplæringslova § 11-7. Dersom dei vurderer at du har behov for det, utarbeider dei ei sakkunnig vurdering som seier noko om kva for behov du har, korleis tilbodet bør organiserast og kva for kompetanse som må til for å gi deg tilbodet.
Kva kan tilretteleggjast?
Individuell tilrettelegging kan gjelda desse områda:
- personleg assistanse
- fysisk tilrettelegging
- tekniske hjelpemidlar
- opplæring i mobilitet (for svaksynte)
- individuelt tilrettelagd opplæring - ITO
Individuelt tilrettelagd opplæring vert gjeve individuelt eller i gruppe.
Slik søkjer du
Ta kontakt med skulen, for å få hjelp til å søkja. Søknadar vert handsama fortløpande, så det er ingen frist for å søkja.
Prisar
Tilbod om individuell tilrettelegging er gratis for dei som bur i kommunen.
Kva skjer vidare?
Du vil få svar på søknaden din i eit enkeltvedtak frå kommunen. Enkeltvedtaket kan klagast på.
Meir informasjon: Udir - Veileder for tilpasset opplæring og individuell tilrettelegging