Organisering
Førebuande opplæring for vaksne er modulbasert, som betyr at opplæringa er delt inn i fleire delar. Det er ein grunnmodul og fire modular med eigne læreplanar for vaksne. Modulane inneheld opplæring i faga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag. Modul 4 har same nivå som 10. trinn i grunnskulen, og den har avsluttande skriftleg og munnleg eksamen. Når du har gjennomført modul 4, er du klar for å søkja vidaregåande utdanning.
Kva med dei som ikkje kan lesa eller skriva?
Dersom du ikkje kan lesa eller skriva og kan lite norsk språk, startar du med grunnmodulen. Deretter går du vidare med dei andre modulane.
Slik søkjer du
For å søkja på førebuande opplæring for vaksne - ta kontakt med rektor på vaksenopplæringa.
Prisar
Tilbodet er gratis.
Utdanning i førebuande opplæring for vaksne (FOV) gir rett til stønad frå Statens Lånekasse for Utdanning. Her kan du søkja om flyktningstipend.