Vekeplanane for skulen er flytta bak innlogging

Frå og med slutten av skuleåret 2025 - 2026 vil ikkje lenger vekeplanane til skulane i kommunen vera ope tilgjengelege på våre kommunale nettsider. Vekeplanane vert i staden distribuerte gjennom føresettportalen og appen «Min skole», der det er krav om pålogging med BankID.

Skuleeigar har i samråd med politiet, beredskapsansvarleg, IKT- og personvernansvarlege vurdert risikoen ved å ha vekeplanane liggande ope ute på nett. Trenden i kommune-Noreg har dei siste åra snudd, og dei fleste kommunar har flytta denne informasjonen bak ein innloggingsvegg.

Kvifor gjer vi dette?

Den viktigaste årsaka til endringa er personvern og tryggleik for elevane våre.

  • Ein vekeplan inneheld ofte detaljert informasjon om kvar barna er til ulike tider, til dømes på turar. Derfor er vi opptekne av å avgrense kven som har tilgang til desse opplysningane.
  • Opne publiserte planar medfører ein risiko for at personopplysningar eller særskilte opplysningar om elevar kjem på avvegar, noko som kan vera i strid med GDPR-regelverket.
  • Vi ynskjer å førebygga og minimera risikoen for vald relatert til ære eller andre alvorlege PLIVO-hendingar der det kan vera fare for liv og helse.

Ved å flytta planane inn i eit lukka system, sikrar vi at det berre er dei som faktisk skal ha informasjonen - føresette - som får sjå den.

Korleis finn eg vekeplanar no?

Du finn vekeplanen for ditt barn ved å logga deg på føresettportalen via ein nettlesar, eller ved å nytta appen «Min skole».

Begge alternativa krev pålogging med BankID.

Dersom du har besteforeldre, avlastningsheim eller andre utanforståande som hjelper til med lekser eller kvardagslogistikk, må de sjølve vidareformidle informasjonen frå appen til dei.

Takk for at du viser forståing for at vi prioriterer personvernet og tryggleiken til ditt barn høgt!