SkulehelsetenestaSkulehelsetenesta er helsehjelp på skulen din. Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt som gjeld helsa og trivselen din. Det er gratis. Vi har teieplikt. Kven kan bruke skulehelsetenesta?Alle elevar på grunnskulen og den vidaregåande skulen i kommunen.Kva kan du få hjelp til?Helseundersøkingar og -samtalarVaksinarSamtale om helse, åleine, i gruppe eller saman med klassenUndervisning om helse i klasserommetGrupper om ulike tema, til dømes ei gruppe for deg som vil snakke med andre om noko som er vanskelegVerktøy til å handtere ting du møter i kvardagen. Føresette kan også få verktøy.Tiltak som gjer skuledagen betre for degPrisSkulehelsetenesta er gratis.Slik får du hjelpAlle skular har ein fast helsesjukepleiar. Du kan avtale enkeltsamtalar.Møt opp i kontortida, eller ta kontakt direkte. Kva dag helsesjukepleiaren er på skulen, er ulikt frå skule til skule. Laster... Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere. Lovar og reglar Helsedirektoratet: Helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom - Nasjonal faglig retningslinjeNyttige lenkjerBTI – Betre tverrfagleg innsatsFHI.no: Når får barnet ditt tilbod om de ulike vaksinene?Helsenorge.no: Barn og ungdoms psykiske helseHelsenorge.no: SkolehelsetjenestenUng.no (Offentleg og kvalitetssikra informasjon for ungdom)Dinutvei.no: Nasjonal veiviser ved vold og overgrep Cool Kids - Angstmeistring Bufdir: COS-P foreldrerettleiing