Opningstid
- Måndag til fredag kl. 07.00 – 16.00
- SFO er stengt jule- og nyttårsafta og planleggingsdagar
- Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00
Minner om at opningstidene må overhaldast.
SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse. Innhaldet skal pregast av barnet sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Innhaldet i ordninga er elles i samsvar med opplæringslova.
Generell informasjon
Organisering og leiing
Skulen sin rektor har det overordna pedagogiske og administrative ansvaret for SFO. Dei tilsette syter for den daglege drifta.
Den gode skulefritidsordninga
Den gode skulefritidsordninga er ei skulefritidsordning der barna får høve til å utvikle ein basiskompetanse gjennom leik og læring i eit sosialt samspel med barn og vaksne. Ei god skulefritidsordning gir barna fridom til å kunne styre sin eigen kvardag innanfor grenser dei kan meistra i høve til alder og utvikling. Den gode skulefritidsordninga har ikkje eit program som er fasttømra, men er fleksibel i sin bruk av planane og opnar for leik, venskap, gode opplevingar, humor og glede!
Fråvær frå SFO
Skulen har VFS (Visma FLYT Skole) som skal nyttast til meldingar om fråvær/hentetid for barn med SFO-plass. Dette skal gjerast i det som vert kalla “SFO tilstedeværelse”. Heimane får eigen ranselpost om dette like etter skulestart
Foreldre må hugse å gje melding dersom:
- barnet er sjukt (er melding gjeve til skulen, treng ein ikkje gje ekstra melding til SFO)
- skal gå rett heim etter skulen
- skal bli med vener heim frå SFO
- skal gå heim til annan avtalt tid
SFO i skuleferiar
Det er fint om de alltid melder frå dersom barn som er påmeldt i skuleferiar, likevel skal ha fri ein eller fleire dagar. Meld også frå dersom ditt barn ikkje kjem til morgon SFO, gjerne dagen før eller så snart de veit kva dagar barnet ikkje kjem.
Klesbyte
I SFO-tida vil vi bruke mykje av aktivitetstida inne og ute. Det kan medføra at barna blir skitne og våte. Det er derfor viktig at alle barna har bytekle. Desse vert oppbevart i merka hyller eller korger.
NB! Hugs å merka klede og sko. Og at barna må ha eit par innekso til bruk på SFO/skule.
Klesbyte må sjekkast med jamne mellomrom. Kjem det skitne eller våte klede heim, må det koma nye klede dagen etter.
Mat på SFO
På SFO ettermiddag et vi frå kl. 13.30.
Kvar tysdag er det matdag på SFO. Det kan vera suppe, pastarettar, gryn, smøremat eller anna. Mattilbodet kvar tysdag kostar kr. 100,- , dette kjem i lag med SFO rekninga kvar månad.
Kontakt med oss på SFO
Ynskjer ein samtale med oss på SFO er det berre å ta kontakt for å gjera ein avtale.
Vi kan treffast mellom kl. 07.00 - 08.00 og kl. 13.00 - 16.00 kvardagar.