Om Vikebygd skule

For oss er det viktig at Vikebygd skule er ein trygg og triveleg stad å vera både for elevar, barn og tilsette.

Skulen arbeider etter desse verdiane:

  • tryggleik
  • respekt
  • god kommunikasjon
  • lærelyst
  • meistring

Desse verdiane er viktige for oss og elevane vert gjort kjende med verdiane gjennom samhandling, det daglege arbeidet og ved særskilte, faste arrangement som t.d. fellessamling for alle elevar og vaksne på skulen kvar 14. dag.

Vi vonar de tek kontakt med skulen eller SFO når de treng det, anten via telefon, Visma, e-post eller at de kjem innom på besøk. Det er betre å ta kontakt ein gong «for mykje», enn for lite!

Her finn de oss

Ordensreglar ved skulen

Du har plikt til

  • Å vera høfleg og visa respekt for alle
  • Å visa ansvar for skulen sin eigedom og erstatta ting du øydelegg eller mister
  • Å møte tidsnok til undervisning
  • Å ha med bøker, opplada Chromebook, blyantar, viskelær, gymkle, regnkle og anna utstyr.
  • Å ha gjort leksene, vera førebudd med orden i ranselen.
  • Å halda undervisningsrom, gongen og skuleplass i orden
  • Å gå rolig inn og ut av skulebygget
  • Å vera på skulen sitt område i skuletida

Du har rett til

  • Å kjenna deg trygg på skulen, bli behandla høfleg og med respekt
  • At skulen hjelper deg å finne årsaken til konflikter, vantrivsel, dårleg orden eller dårleg samarbeid med andre osv.
  • Arbeidsro i klasserommet
  • At eigedelane dine får vera i fred

Du må elles hugse at

  • Tobakk og rusmidler er skadeleg og derfor forbudt
  • Det er lov å kaste snøball mot oppsett blink
  • Det er ikkje lov å ete godteri i skuletida
  • Ytterklede skal henga på knaggane i gangen
  • Toalett og gong ikkje er opphaldsrom
  • Rektor kan i følge lova vise bort ein elev resten av skoledagen. Bortvisning kan bli brukt dersom elevar fleire gonger bryt ordensreglane på ein grov måte.