SFO ved Tyssedal barneskole

Opningstid

  • Kl. 06.45 – 16.00 kvardagar
  • SFO er stengt jule- og nyttårsafta og planleggingsdagar
  • Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00

SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse. Innhaldet skal pregast av barnet sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Innhaldet i ordninga er elles i samsvar med opplæringslova.

Generell informasjon

Rektor ved skulen har det overordna pedagogiske og administrative ansvar for SFO. Dei tilsette sørger for den daglege drifta. I tillegg til vanleg SFO vert det gitte tilbod om vente-SFO for elevar som har skuleskyss.

Den gode skulefritidsordninga

– er ei skulefritidsordning der barna blir gitte moglegheit til å utvikla ein basiskompetanse gjennom leik og læring i eit sosialt samspill med barn og vaksne. Ei god skulefritidsordning gir barna fridom med moglegheit sjølv til å kunna styra sin eigen kvardag innanfor grenser dei kan meistra i forhold til alder og utvikling. Den gode skulefritidsordninga har ikkje eit program som er fasttømret, men er fleksibel i bruken sin av planane og opnar for leik, vennskap, gode opplevingar, humor og glede!

Fråvær

Skulen har VFS (Visma FLYT Skole) som også skal nyttast til meldingar om fråvær/hentetid for barn med SFO-plass. Dette skal gjerast i det som kallast SFO nærvær – heimane får eigen informasjon om dette like etter skulestart.

Foreldrene må hugsa å gi beskjed dersom:

  • barnet er sjukt (er melding gitt til skulen, treng ein ikkje gi ekstra beskjed til SFO)
  • skal gå rett heim etter skulen
  • skal bli med venner heim frå SFO
  • skal gå heim til anna avtalt tid

Skuleferiar

I haust-, jule-, vinter-, påske- og sommarferien samarbeider vi ofte med barnehagen. Dersom de får beskjed om henting/levering i barnehagen i skuleferiar, og har behov for telefonisk kontakt gjennom dagane, kan de ta kontakt med barnehage.

Elles må de alltid melda frå om dersom barnet ditt som er påmeldt i skuleferiar, likevel skal ha fri ein eller fleire dagar.

Byteklede

I SFO-tida vil vi bruka mykje av aktivitetstida inne og ute. Det medfører at barna fort kan bli skitne og våte. Det er derfor viktig at alle barna har byteklede. Desse blir tatte vare på i merka korger i skapet på gangen eller utanfor klasserommet.

Bytekleda må sjekkast med jamne mellomrom. Kjem det skitne eller våte klede heim, må det komma nye klede dagen etter.

Hugs:

  • å merka klede og sko
  • at bytekle må sjekkast med jamne mellomrom
  • at barna må ha innesko til bruk på SFO/skule

Mat

For dei som skal eta frukost på SFO, må dei vera komne før kl. 07:45.

På sein-SFO et vi frå kl. 13:30. Dei barna som skal eta, kan ta med seg knekkebrød og ein påleggssort som blir ståande på SFO.

Kvar fredag har vi måltid. Det kostar 150,- kroner i månaden, og kjem direkte på rekninga. Vi vil laga eit fat med frukt og/eller grønnsaker, og kanskje ei suppe eller liknande. Vi håper at barna set stor pris på dette!