Anna praktisk informasjon
Henting
Dersom barnet skal hentast av andre, må personalet få melding om dette. Ring eller send sms til SFO.
Klede og innesko
Me er ute kvar dag og det er difor viktig at barna alltid har klede tilgjengeleg til all slags ver. Aktive og leikande barn blir ofte våte, og bytekle må sjekkast og oppgraderast med jamne mellomrom. Barna må og ha innesko.
Private leiker/utstyr
SFO har godt utval av leiker som alle har lik tilgang til. Barna skal difor ikkje ta med eigne leiker på SFO.
Bruk av mobiltelefon og klokketelefonar er ikkje tillate
Mobiltelefon/klokketelefon må liggje avslått i hylla deira når dei er på SFO. Alle beskjedar skal gjevast til SFO-personalet.
Medisinering
Dersom eit barn har behov for medisinering i den tida det er hjå oss, skal det lagast skriftleg avtale mellom heim og SFO. Me har eigne skjema som me nyttar til dette.