Meir om Opedal skuleOpedal skule finn du på Lofthus - austsida av Sørfjorden. Skulen er ein barneskule med omlag 110 elvar fordelt på 1. - 7. klasse. Slik arbeider vi ved skulen Verdiarbeid Opedal skule sin visjon er «Trivsel og læring for alle». Visjonen vår byggjer på fire kjerneverdiar som skal sikra at alle arbeider for trivsel og læring.Dei fire kjerneverdiane våre er:På Opedal skule har vi eit positivt læringsmiljøVi er på skulen for å læraPå Opedal skule skal alle oppleva å meistra kvar dagPå Opedal skule kjenner vi til og nyttar nærmiljøetKjerneverdiane våre skal dra alle i same retning og gje eit felles pedagogisk grunnlag for læring ved skulen. Verdiane er utarbeida av elevar, tilsette og foreldre ved skulen.Slik arbeidar vi med verdianeElevane arbeider med verdiane gjennom heile året. I perioden august til november har vi ekstra fokus på kjerneverdien som omhandlar det positive læringsmiljøet. Frå desember til februar arbeider vi mykje med kjerneverdien som omhandlar læring. Frå februar og utover våren arbeider me ekstra med verdien som omhandlar meistring og nærmiljøet. Klassane skal gjennom dette arbeidet få ei forståing av kva verdiane betyr for klassen og den einskilde. Vidare skal det og vera forpliktande for alle å retta seg etter verdiane på skulen. Pedagogisk arbeid Læringssirkelen er utgangspunkt for all læring ved skulen.Vi legg vekt på:God og systematisk undervisningsplanlegging, entusiasme og læringstrykk.Kollektiv formidling i starten av timen.Tydelege faglege og sosiale mål som vert formidla til elevane.Tydeleg konstruktiv tilbakemeldingar til elevane. Tydeleg avslutting og oppsummering av timen.Læringssirkel ved Opedal skuleTrivsel og læring for alle:Positivt læringsmiljøUndervisninga tek utgangspunkt i det eleven kan frå før.Vi introduserer mål for undervisningaSuksesskriteriane vert gjort kjent og knytta til måla.AktivitetDemonstrasjonRefleksjon for ivaretakingOg så startar sirkelen på nytt…… Her finn du oss