Råd og utval ved Odda ungdomsskoleElevrådKontaktperson: Atle PattersonForeldreutvalet (FAU), samarbeidsutvalet (SU) og skulemiljøutvalet (SMU)Leiar: Referat frå møteFrå opplæringslova § 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4. § 10-4. Skoledemokratiet Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.