Avtale om lån/leige av lokale ved Jondal skuleJondal skule har ansvar for utlån/-leige av fleirbrukshallen i Jondal. Sist endra 04.03.2026 12:42 Skjema: Avtale om lån/leige av lokale ved Jondal skuleKven kan få tilbodet?Privatpersonar og organisasjonar kan låna/leiga lokale ved Jondal skule. Ansvarleg må vera over 18 år. PrisarFleirbrukshall | kr. 250,- per time | kr. 1200,- per dagGarderobar | kr. 50 ,- per garderobeKantine | kr. 100,- per time | kr. 500,- per dagKjøken | kr. 100,- per time | kr. 500,- per dagMultisal | kr. 100,- per time | kr. 500,- per dagYnskjer om andre rom skal avtalast særskild.Leigetakar skal rydde opp etter seg, vaske/tørrmoppe lokalet og tømme bosset. Dersom dette ikkje er gjort tilfredsstillande, vil det blir fakturert for i tillegg.Kva skjer videre?Når vi har motteke henvendinga vil vi senda ei stadfesting på e-post som er registrert inn i skjema. Du vil få bekrefta om tidspunkt høver eller ikkje, samt anna relevant informasjon.Praktisk informasjonBrannvern i samband med lån/leige av lokaleDen som låner/leiger lokale er brannansvarleg og skal ha brannverngjennomgang i god tid før dato for lån/leige.Avtale for brannverngjennomgang gjer du med vaktmeister. Brannvernansvarleg må vera over 18 år. Meir om brannvernDet skal vera ein som er ansvarleg for lån/leige av lokale, og som dermed har hovudansvaret dersom brannalarmen vert løyst ut. Dette er avtalt på førehand.Alle som er tilstades i lokalet skal vera orientert om at oppmøteplass ved ein ev. brannalarm er på kunstgrasbanen, og kor nødutgangane er.Brannansvarleg orienterer seg om kor sløkkingsutstyr er i lokalet, eller nærast lokalet.Dersom alarmen går: REDDA, VARSLA, SLØKKJA.Alle går til kunstgrasbanen dersom alarmen går.Alarmen er direkte kopla til brannvesenet i Bergen. Brannansvarleg ringer 110 og orienterer om at ein er på staden.Ein kan orientera seg på branntavla ved hovudinngang om kor brannalarmen er løyst ut. Der heng det pulverapparat ein kan ta med segHa dialog med brannvesenet om ev. vidare handsaming.NøkkelkortDet må gjerast avtale om henting og levering av nøkkelkort med vaktmeister. Det er låne-/leigtakar ansvar for å gjera avtale.Ansvarleg for nøkkelkort må vera over 18 år. Bruk av hallenUnder kjem litt informasjon om bruk av hallen, og kva som er viktig å hugse på.GarderobeUtesko skal ikkje inn i garderoben. Dei skal takast av utanfor garderobedøra.Ein vel seg eit garderobeskap, og nyttar det til å henge frå seg klede og ev dusjutstyr. Lukkar fint att før ein går til hallen. Skap som ikkje er i bruk, skal stå opne, slik at det er lett å sjå kva som er ledig.Dusjing føregår som vanleg, og ein tørkar seg før ein går ut i garderoben. Då blir det ikkje vått på golvet der ein skiftar.Hugs å ta med deg alle eigendelane dine når du går, og at det ser fint ut etter deg.Golvet i hallenHallen har eit sportsgolv, det er ganske mjukt, og ikkje er berekna på spisse eller skarpe gjenstandar/skoAlle må nytte innesko, ev sokkar inne i hallen ved idretts- og gymaktivitetar.Det kan nyttast utesko inne ved arrangement. Pass på å tørke godt av skoa på førehand. Stiletthelar skal ikkje nyttast.Det kan setjast opp bord og stolar som har knotter/plastbeskyttelse.MusikkanleggHallen har eit musikkannlegg og mikrofon som er trådlaust. For å nytta anlegget må ein vera kopla til (UK Oppvekst inntil vidare) UK gjestenett. Det har passord: Velkomm!1234. Så kan du chromecaste det du vil høyre frå telefonen din til anlegget.Mikrofon ligg i skuff på kantinekjøken.For bruk av ev miksebord, ta kontakt med skulen for ein gjennomgang.Utstyr/lagerDet er laga til felles lagerrom for idrettslag og skule.Alle har medansvar for å halde orden i utstyret, og på lageret.Deling av hallenHallen kan delast i to. Dette gjer ein ved å senke ned romdelar, bruk eigen nøkkel i liten boks på veggen mot aust. Det heng ein nøkkel i instruktørgarderobe utanfor inngangsdøra. Hugs å henge nøkkelen tilbake etter bruk.Heise opp og ned basketballkorgerAlle basketballkorgene kan heisast opp og ned ved bruk av eigen nøkkel i små boksar på vegg mot vest. Same nøkkel som delingsveggen.VolleyballDet er lagt opp til stativ for volleyballnett. Desse heng på vegg på utstyrslageret, og skal setjast ned i hol i golvet. Det er eit eige verktøy (sugekopp) for å få opp små luker i golvet. Verktøyet heng på vegg på lager.Mopping etter brukGlovet skal tørrmoppast etter bruk på ettermiddag. Moppar finn de på vaskerom inne på lager mot nord. Hald orden på vaskerommet.