Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er helsehjelp på skulen din. Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt som gjeld helsa og trivselen din. Det er gratis. Vi har teieplikt. 

Kven kan bruke skulehelsetenesta?

Alle elevar på grunnskulen og den vidaregåande skulen i kommunen.

Kva kan du få hjelp til?

  • Helseundersøkingar og -samtalar
  • Vaksinar
  • Samtale om helse, åleine, i gruppe eller saman med klassen
  • Undervisning om helse i klasserommet
  • Grupper om ulike tema, til dømes ei gruppe for deg som vil snakke med andre om noko som er vanskeleg
  • Verktøy til å handtere ting du møter i kvardagen. Føresette kan også få verktøy.
  • Tiltak som gjer skuledagen betre for deg

Pris

Skulehelsetenesta er gratis.

Slik får du hjelp

Alle skular har ein fast helsesjukepleiar. Du kan avtale enkeltsamtalar.

Møt opp i kontortida, eller ta kontakt direkte. Kva dag helsesjukepleiaren er på skulen, er ulikt frå skule til skule.

Lovar og reglar 

Nyttige lenkjer