Om Hauso skule og kontaktinformasjonArbeidet med verdiane er viktig for at alle på skulen skal ha det trygt og kjekt kvar dag. Sist endra 23.06.2026 13:07 Våre verdiar: Positivt menneskesynSamarbeidStrukturEngasjementSkulen legg vekt påSkulen legg vekt på at elevane får varierte skuledagar med ein god del fysisk aktivitet. Dei yngste elevane har uteskule ein dag i veka. Alle elevane i 1.-10. klasse har juniskule dei siste vekene før sommarferien. Då er me stort sett ute og brukar både sjøen og fjellet gjennom ulike varierande tema.Psykososiale miljøet For å styrka det psykososiale miljøet er ungdomsskulen med på Draumeskulen og barnesteget er aktive med Zippy, Passport og Eple. Kvar august har me relasjonsdagar for å styrka miljøet mellom elevane og mellom elevar og tilsette. Gjennom heile ungdomsskulen har elevane overnattingar i fjellet, både i snø og under stjernehimmelen i kalde haustdagar.Her finn du oss