Tilrettelegging ved- eller fritak frå eksamenOm du har nedsett funksjonsevne, sjukdom, skade eller allergi som gjer det nødvendig med spesiell tilrettelegging ved eksamen, kan du søkja om det. Du kan og søkje om fritak om du har tungtvegande grunnar til det. Slik søkjer duDu kan søkje om tilrettelegging eller fritak i digitale skjema under. Begge skjema krev pålogging med BankID.Dersom det er behov for hjelp til å søkje ta kontakt med skulen.SøknadsfristSørg for å søkje i god tid før eksamensperioden startar, slik at skulen rekk å førebu tilrettelegginga for deg.Søk om TilretteleggingRettsleg grunnlag: Opplæringsforskrifta § 9-34 Særskild tilrettelegging av eksamenElevar og privatistar har rett til særskild tilrettelegging av eksamen dersom dei treng det for å få vist kompetansen sin i faget. Tilrettelegginga må vere tilpassa behova til kvar enkelt elev eller privatist så langt det er mogleg, men eleven eller privatisten må bli prøvd i kompetansemåla i faget og skal ikkje få fordelar framfor andre eksamenskandidatar.Der det i læreplanen i faget er lagt særleg vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, skal eksamen ikkje leggjast til rette på ein slik måte at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.Elevar og privatistar må søkje kommunen eller fylkeskommunen om å få særskilt tilrettelagd eksamen. Kommunen eller fylkeskommunen avgjer kva slags tilretteleggingstiltak som skal setjast inn.Sjå merknadar til forskriftaSøk om tilrettelegging herFritakFritakRettsleg grunnlag:Opplæringsforskrifta § 9-24 Fritak frå eksamenRektor sjølv kan etter søknad frita elever i grunnskolen frå eksamen dersom det ligg føre tungtvegande grunnar.Sjå merkandar til forskriftaSøk om fritak herSlik får du svar på søknadenNår søknaden er motteken, vil rektor behandle saka i fagsystemet vårt, Visma Flyt Sikker Sak.SaksbehandlingstidVi behandlar søknaden din så raskt som mogleg, og seinast innan 3 veker.Her finn du svaretVedtaket blir sendt digitalt via SvarUt. Du vil få varsel i din digitale postkasse (Digipost eller eBoks). Dersom du ikkje har digital postkasse, vil varselet kome i Altinn.Dersom det digitale brevet ikkje blir opna innan 48 timar, blir vedtaket automatisk skrive ut og sendt som vanleg post til di folkeregistrerte adresse.